Ålsvett er eit sjølvbetjent tilbud der brukarane sjølv skal sørge for at badstua er ryddig, rein og trivelig. Skap trivsel for deg sjølv og andre ved å følgje badstureglane.
Ansvar: Bruk av badstua og all bading skjer på eige ansvar.
Bading: Bad aldri åleine - Ha alltid med deg ein ålsvett makker. Trappa på kaikanten er beregna for ein person om gangen
Ovnen: Spør andre ålsvettare om det er greit å ha vatn på ovnen, med eller utan badstuolje i ausa. På ovnen skal det kun brukast ferskvatn, ovnen blir øydelagt om du auser på saltvatn. Fyll ferskvatn fra Avrivar’n (utedusjen), eller frå vassdunken i omkledningsrommet (om vinteren).
Håndkle: Ta med to håndkle, og bruk det eine til å sitte på.
Alkohol: Under drop-in timer er det ikkje tillat med alkoholholdig drikke. Ved private bookingar skal mengden begrensast til to alkoholeiningar. Unngå drikke som set farge på treverket. Det er ikkje tillatt å drikke alkohol utafor badstua/garderoben. Personar som er synlig berusa, vil nektast adgang.
Snacks: Nyt gjerne medbraks snacks, men av hygieniske årsakar bør du halde dette unna badsturommet.
Såpe/sjampo: Vær ein miljøvennlig ålsvettar, og ikke bruk sjampo eller såpe når du dusjar. Såpevatn som renn rett på sjøen, er uakseptabelt.
Søppel: Det er ikkje avfallsdunkar i eller rundt badstua. Alt avfall, herunder flasker og boksar, må takast med heim.
Vis hensyn: Badstua er ein stad for rekreasjon og hygge, der ålsvetting er den primære aktiviteten. Kaillkauking, uartikulert språkbruk, eller annan primitiv adferd, skal ikkje utøvast på området.
Respekter tida. Kom ikkje for tidleg - Avslutt i tide!